|
Velkommen til Class Of -94!
Dette er nettstaden som er skipa eine og aleine for avgangselevane
ved Leikanger Ungdomskule i 1994.
Ideen til desse nettsidene fekk eg etter fleire gonger å ha tenkt: "Lurar
på kva han eller ho gjer på akkurat no...". Eg bestemte meg for å
prøva å laga ein fellestad for alle elevane. Resultatet ser du altso
her.
På desse sidene kan du altso leggja ut informasjon om deg sjølv, slik
at dine gamle klassevener kan holda seg oppdatert på kva som skjer med
deg.
Bruk skjemaet i registreringsdelen av nettstaden for å leggja ut
informasjonen om deg sjølv.
Les
denne informasjonen før du byrjar,
dersom du er usikker på kva du skal gjera. Du er sjølv ansvarleg for
kva som skal stå om deg sjølv.
Det er sjølvsagt friviljug å delta, men eg vonar sjølvsagt at alle
saman stiller opp på dette prosjektet. Du kan sjølvsagt bidra dersom
du har tankar om kva som kan vera med på sida. Tips, kommentarar eller
spørsmål sendast til
co94@kenfred.com
Kenneth
|