![]() |
|
OM GISSELIGAEN Gisseligaen er ei intern tevling mellom 6 kompisar som er særs interessert i engelsk fotball. Ideen vart lansert av Terje, under ein av dei utallige fortballkampane me såg saman. Kvar laurdag samlast me i "Podlao" til tippekamp, og slik vart me altso samde om å skapa ein liten tevling. Tevlinga kan følgjast på denne nettstaden, og vert oppdatert kvar laurdags kveld. I tillegg til tabellen på framsida, kan du og sjå resultata runde for runde.
DELTAKARAR Dei 6 deltakarane er: Tor Ove Moum, Terje Fardal, Sven Roger Sørensen, Alf Thorsnes, John Walsvik og Kenneth Fredriksen.
REGLAR Kvar laurdag skal kvar deltakar fylla ut og levera ein tippekupong med 32 rekker, altso 5 halvgarderingar. Målet er sjølvsagt å få flest mogeleg rette så lenge tevlinga varar. Tevlinga varar heilt til Premier League sesongen 2003-04 er avslutta. Dersom ein av deltakarane ikkje stiller med utfylt kupong, får han automatisk eitt poeng mindre enn det den deltakaren med lågast poengsum oppnådde i samme runde.
PREMIE Den deltakaren som etter siste runde har flest poeng, kan utropast som vinnar. I tillegg til heider og æra og tittelen Årets Gissar, skal taparane av tevlinga gå saman og kjøpa ein kasse øl til vinnaren.
|
|
Copyright © 2004 - Kenneth Fredriksen |