MONICA

 

Den 19. mars 1999, traff eg Monica. Det skulle visa seg å bli mitt aller største blinkskot, nokosinne. Etter å ha "råna rundt" i Fjøra i nokre timar, stod ho der plutseleg i "Ål krysset" i Sogndal. Det såg ut som ho venta på skyss, etter kort betenkningstid, tek eg mot til meg, stoppa og spurde. Seinare råna me rundt i fleire timar.

 

Me heldt kontakten, også etter denne kvelden. Gnisten var tent, og den 17. april 1999 vart me offesielt eit par. Me har sidan då opplevd mykje saman. Me har vore på fleire turar saman, og hatt det rasandes kjekt. Hausten 2001 flytta me saman i nyoppussa leiligheit på Nornesfeltet. Me tykkjer sjølv at me har fått det veldig fint, og vert ofte vitja av vener og familie, noko som særs festleg.

 

Eg og Monica har i skrivande stund vore saman i 4 år. Eg kan med tryggheit seia at det har vore dei festlegaste åra i mitt liv, og at eg er oppriktig stolt over å ha ei slik jente. Me har det utruleg artig i saman og eg trur ikkje det finst maken til dama i heile verden. Eg gleda meg til å tilbringa resten av livet saman med ho. 

 

 

 

 

Tilbake til Om Kenfred >>>

 

 

 

 

 

- Første gong publisert 20.06.2003 -

 

 

 
    | kenfred@kenfred.com | nettstadkart