OM KENFRED (kort oppsummert, den lange versjonen finn du her.)

 

Eg er altso Kenneth Fredriksen, etter kvart betre kjent som Kenfred. Eg er fødd 29. juni 1978. Busett på Leikanger, saman med sambuaren min Monica. Makan til jente trur eg ikkje det finst i heile verden ;) Smask til Monica, der altso...

 

Etter nokre år i leiligheiten på Nornesfeltet, kjøpte me oss hus på Leikanger, nærare bestemt Eplehagen 5. Me har helde hus her ute i over eitt år, og me stortrivast. Me hadde sjølvsagt ei fin tid på Nornesfeltet og, men me hadde begge lyst på noko eige. Ta gjerne ein tur innom, om du skulle slumpa til å befinna deg på desse trakter...

 

I oktober 2004 byrja eg på MobilData Sogndal. Her trivest eg veldig godt. Har alltid vore interessert i data/gadets, mobiltelefonar, brunevarer osv, så eg har hamna på rett plass. Eg tykkjer absolutt du skal ta turen innom butikken, fordi kenfred.com sine vitjarar alltid får bra tilbud, på allerede rabbaterte prisar (slapp av no, Kenfred, du har fri no...!)

 

Eg må vel innrømma at eg er over middels fotball-interessert (les komplett fotball/sportidiot). Sjøl om det er Leeds United som står mitt fotballhjarte nærast, er eg nesten altetande innan fotball. Ikkje overraskande sympatiserar eg med Sogndal, og det er jo litt underleg at begge laga eg held med, har teke steget ned ein divisjon. Velvel, som fotballsupportar er eg vant til både oppturar og nedturar, og det vil nok komma begge delar i framtida. Av andre interesser kan eg nevna at eg er teknofil og særs interessert i data/gadets/web, at eg er veldig glad i musikk, at min legning er autofil og at eg er semi-profesjonell gamblar.

 

Til dei som framleis føler at dei ikkje kjenner meg godt nok, føresler eg "Mi historie" der eg har freista å oppsummera livet mitt so langt. Dei som allerede kjenner meg godt, kan jo lesa blog'en, som vert oppdatert jamnleg.

 

Sjølv om eg trivest særs godt i mitt daglege yrke, så la det vera klart at feite jobbtilbud kan velta stor Kenfred. So til dei som av ein eller anna grunn skulle trenga det, vil eg berre nevna at dei kan sjå CV'en min her.

 

Dersom du vil kontakta meg, føresler eg ein av desse framgangsmåtane:

 

Post: Telefon: El-post: Msn:

Kenneth Fredriksen

Eplehagen 5

6863 LEIKANGER

 

Heime:

Mobil:  

Jobb:   

57 67 40 08

48 00 16 00

48 00 18 88

kenfred@kenfred.com

kenneth.fredriksen@mobildata.no

kenfred@mobildata.no 

hagesaks@hotmail.com

kenfred@live.com

kenfred@kenfred.com

 

 

- Publisert   09.09.2005 -

- Oppdatert 01.01.2008 -

 

 
    | kenfred@kenfred.com | nettstadkart