![]()
|
[Om meg] |
| Min CV | Mi historie | Mi vevdagbok | [Mine interesser] | Monica | Jobbsøkjar |
Interesser
Her kan du lesa om kva som interesserar meg og kvifor.
|
Fotball Eg er lidenskapeleg interessert i fotball. Fysiske årsaker gjorde at eg tidleg forsto at eg ikkje kom til å bli noko toppidrettsutøvar eller atlet, og difor fall det meg naturleg å bli tilskodar på heiltid. Fotball er lidenskap og følelsar. Sidan slutten av 80-talet har eg vore Leeds United supportar. Skulda for det lyt vel ein ivrig onkel ta, men laget har gitt meg mykje moro (og nokre nedturar) i dei åra eg har følgt med. Eit av høgdepunkta var då eg fekk oppleva laget på Marienlyst Stadion, då dei spela ein vennskapskamp mot Strømsgodset, like etter at dei vart seriemeistrar i 1992. Draumen er å få oppleva dei på heimebana Elland Road, noko eg vonar eg skal få gjennomført med tida.
Sjølvsagt har eg favorittar i den norsk ligaen og. Og like sjølvsagt er det Sogndal som er laget for meg her heime på berget. I skrivande stund opplever laget eventyrleg suksess heilt i toppen av Tippeligaen. Sjølv om det enno er tidleg i sesongen, kan eg berre fastslå at Sogndal er i ferd med å gjennomføra sin alle beste sesong nokon gong. Eg satsar på å få med meg dei alle fleste kampane live på Fosshaugane i år, slik som i fjor.
Den digitale satelittmottakaren min, spyr ut eit utal av kanalar som serverar fotball til alle døgerets tider. Eg skal ikkje leggja skjul på eg ser dei aller fleste. Dette gjer og at i tillegg til kampane frå Norge og England, og får høve til å sjå kampar frå andre land. I spansk fotball er det Real Madrid som er laget, men interessa for dette er ikkje like stor. Det vert som eit reint supplement til fotballinteressa å rekna. Uansett, fotball er fotball, og sender ein av kanalane kampar, ser eg som regler på. "I nøden et sjølvaste fanden fluger", heiter det seg.
|
![]()
|
|
|
Tipping I forlenginga av denne fotballinteressa, har eg blitt ein gamblar av rang. Det byrja med ein enkel tippekupong, men har med tida utvikla seg til å omfatta Odds-spel og Lotto-spel i forskjellege variantar. Når Norsk Tipping for ei stund tilbake lanserte Nettippinga si, var eg snøgt frampå og registrerte meg. Eg satsar aldri store beløp, og vinn sjeldan noko av betydning. Men det er særs spanande, og ekstra festleg viss det ein gong skulle slå til skikkeleg. "Det er von i hangande snøre".
|
|
|
|
Musikk Eg har eigentleg alltid vore interessert i musikk. Men sidan glansdagane som vokalist i Midnight Movers, har også her gått frå den utøvande rolla, til den observerande rolla. Eg snubla over ei plate med Dream Theater ved ein tilfeldigheit og då var det gjort. Sidan då har eg vore heilt oppslukt i den fengslande progressive rocken som har gjort dei verdskjende. Bandet er mitt absolutte favorittband, og vil nok alltid bety ein heil del for meg.
I tillegg til denne musikk-sjangeren, har eg etter kvart fått smaken på elektronisk musikk. Denne musikkformen baud meg beint i mot i byrjinga, men mennesket er som kjent særs tilpassingsdyktig, og til slutt byrja eg å lika det. Aller best likar eg trance-sjangeren og Dj Tiesto og Ferry Corsten er favorittane, eller prosjektet Gouryella der dei arbeidar saman.
Musikken gir meg mykje, og er med å prega meg i kvardagen.
|
![]()
|
|
|
Autofil Interessa for bil har alltid vore der. Eg tør påstå at eg er arveleg belasta, med 4 onklar med særs utprega bilinteresse, det 2 av dei er bilseljarar av yrke. Dei to bilane eg sjølv har vore eigar av i løpet av dei åra eg har hatt lappen, har nok og bidrege til mi aukande bilnteresse. Kven vil ikkje drøyma seg vekk, når ein sit i slike bilar som eg har hatt? Eg har ein draum om ein gong å eiga ein Ford Mustang Cabriolet mod. sein 60, som kanskje er verdas vakrast bil. Kven veit, kanskje ein gong blir det nettopp slik. Inntil då er eg abbonnent og ivrig lesar av ViMenn som i tillegg til masse anna stoff, har ein særs bra bil-bolk.Norges beste bilblad Autofil fekk eg eit abonnement på hjå mi kjære Monica. Ei gåve som vart særs godt motteken, hjå underteikna. "I have a dream..." lyder det kjende sitatet, som høver godt her, tykkjer eg.
|
||
|
Data og multimedia Til slutt må vel data og multimedia seiast å vera ei interesse. Interessa for data er jo bakgrunnen for den heimesida du no sit og ser på. I tillegg er det ein mogelg yrkesveg for meg, sjølv om eg enno ikkje har bestemt meg for kva eg vil bli. Interessa er der, og eg har i skrivande stund straks gjennomført eit 2-årig kurs ved Høgskulen i Sogn og Fjordane som heiter Informasjonsbehandling. Kanskje det blir noko slikt, kven veit... Interessa for multimedia har eg og, i likheit med mange andre på min alder. Med multimedia meinar eg lyd og bilde, DVD, bilstereo, moblitelefonar og andre "gadets" og teknologiske nyvinningar. Eg hadde med andre ord ikkje hatt problem med å sløsa vekk alvorleg mange tusen i Elkjøp-butikk eller liknande. Men sidan økonomien stadig set grenser, lyt eg nøya meg med å lesa om produkta, noko som er eit greitt alternativ. |
|
Copyright © Kenneth Fredriksen - 2004 |