WEBDESIGN

 

I samband med mine stuidar ved HISF, vart eg introdusert for kunsten i å skapa ein nettstad. Eg fatta raskt interesse for dette, og dette har ført til fleire nettsider, nokre meir vellykka enn andre. Eg fall fort i dei aller fleste fellene, men eg hadde eit fortrinn som ikkje alle andre vevskaparar har hatt, nemleg Terje. Denne framifrå personen vart raskt min mentor, ven, stønadsspelar, farsfigur og eg veit nesten ikkje kva.

 

Så ein kan vel sei eg har utvikla meg, sjølv om eg framleis skapar relativt enkle nettstader (utan programmerings-kunne blir det jo gjerne slik), føler eg klarar meg ganske godt. Eg vil difor i all beskjedenheit presentera mi portfølgje. Fleire av nettsidene er det eg sjølv som står for å oppdatera. So, enjoy ;)

 

www.firstfloorparfymeri.com - på oppdrag i frå First Floor Parfymeri i Sogndal. Dette er versjon 2 av nettstaden, etter design-endringar.

www.oddrogers.tk - på oppdrag frå Odd Rogers, eit framifrå danseorkester.

www.tortalle.com - på oppdrag frå ven og musikar Tor Talle.

www.request-music.net - på oppdrag frå vener og musikarar i bandet Request.

www.midnightmovers.rocks.it - på oppdrag frå verdskjende Midnight Movers (verdas aller første Boy Band).

www.leikangerauto.no - på oppdrag frå Leikanger Auto, bilverkstad på Leikanger, saman med Glasshuset.

www.autoskadevest.no - på oppdrag frå Autoskade Vest, karosseriverkstad på Leikanger, saman med Glasshuset.

www.tts.as/sogndaltaxi - på oppdrag frå TTS, igjen på oppdrag frå Sogndal Taxisentral.

www.gisseligaen.com - på oppdrag frå Gisseligaen, leiande gambling-klubb i Sogn og Fjordane.

www.sogningen.com - på oppdrag frå meg sjølv... Forslag til vidare utvikling vert motteke med takk ;)

www.katharinas-zarenhuendchen.com - på oppdrag i frå mine gode tyske venner Bodo og Kërstin

www.ivorymusic.net - på oppdrag i frå vener og kjente i det framifrå populær-musikalske orkesteret med røter frå Indre Sogn.

 

Nokre ideear kom, av forskjellege årsaker, aldri heilt i mål. Døme på dette finn du her.

www.kenfred.com/arkiv/co94 - eit forsøk på å skapa ein nettstad for ungdomskuleklassen min.

www.kenfred.com/arkiv/leikangerauto - designforslag til Leikanger Auto, før samarbeidet med Glasshuset kom igang.

www.kenfred.com/arkiv/syrilfotball - forslag til nettstad for Syril Fotball. Prosjektet vart seinare avblåst.

www.kenfred.com/arkiv/tts - forslag til oppgradering av TTS sine nettsider.

www.kenfred.com/arkiv/utgangspunktet - ein eigen ide om ei startside, vart av naturlege årsakar avslutta...

 

Vel, det er vel ingen grunn til å tru at det stoggar her ;)

Treng du ei nettside? Ta kontakt. Eg er klar for nye oppdrag, og kreativiteten er som alltid på topp.

 

- Publisert 09.09.2005 -

- Oppdatert 08.07.2008 -

 

 
    | kenfred@kenfred.com | nettstadkart