MI HISTORIE

 

"Frå maur til mann..."

 

Dette er mi historie. Heilt i frå eg forlot livmora, spaserte ute i den store verda og fram til i dag. Dette er korleis eg har opplevd mine 23 fyrste leveår... Mitt liv, sett med mine auge...

 

Fødsel

Sjølvsagt hugsar eg lite frå mi aller fyrste tid. Men eg er blitt fortalt at me var busett på Nornesfeltet, då eg bestemde med for å bli en del av den store vide verda. Den 29. juni i det herrens år 1978 kom eg altså til verda. Allerede som 1-åring hadde eg utvikla mange særtrekk, er det blitt meg fortalt. Eg sette enorm pris på pølser uten skinn, druer utan stein, likte dårleg skorper på skivene, og var usedvanleg blyg og beskjeden. 

 

Dei fyrste åra 

Etter dei fyrste månadene av mitt liv, bestemde mor mi Ingrid Helen og far min Frank, at me skulle busetta oss i Sogndal. Me flytta då opp på Foss, i toppen av det som då var Lerum-fabrikk. Pappa fekk seg jobb i fabrikken, medan mamma hadde meir enn nok med å ta seg av meg. Det eg hugsar frå Foss, var trehjuls-sykkelen min, og at me budde attmed ei stor elv. Etter kvart byrja eg i barnehagen, noko som var veldig skummelt, sidan mor mi ikkje var der, men etter kvart gjekk det greitt. Men mine rastlause foreldre hadde enno ikkje bestemt seg for kvar dei ville busetta seg. Då eg var 3-4 år, flytta me ut på Leikanger og vart nærmaste nabo til Syrstrond Gartneri. Eg likte meg veldig godt på Leikanger, og vil nok uansett alltid rekna meg sjølv som "Systrending", sjølv om eg hadde nokre ufrivillige opphald på Slinde og i Sogndal. På Leikanger likte eg meg veldig godt, og etter ei stund fekk eg nokre vener. Ei jente som var 2 år yngre enn meg, og endå seinare fekk eg ein kamerat som var jamngamal med meg.

 

Nye utfordringar

Når eg var ca. 5 år gamal, bestemde foreldra mine seg for å flytta opp i høgda. Og denne gongen skulle dei byggje eige hus. I Klopparteigen 1. stod plutseleg eit hus klar for innflytting. Og ikkje nok med det. Det var fleire overraskingar på lur. 22 april 1985 kom Danita Therese til verda, og brått var eg blitt storebror. Dette var jo sjølvsagt ei stor hending, og eg var veldig stolt. I dei følgjande åra levde me (som regel) i fred og fordragelegheit. Og med eitt var eg klar for ein ny utfordring. Skulen! Det var ein spent sjuåring som, med fast grep i mors hånd, spaserte saman med resten av klassen sin, i ein kledeleg (?) lyseblå dress, for å møta sin nye kvardag. Eg vart godt kjent med jamnaldrande som budde rundt meg på feltet, og andre som var busett litt lenger i frå. Sigve, Stig, Bård, Ole, Frank Ivar, Trond, Geir Tore, Steinar samt andre, var eg mykje saman med i dei dagane. Me var som ungdommar flest; fotball, klassefestar, klubbar og etter kvart jenter (!) var populære interessar.

 

Det neste steget

No melde intressa for musikk seg for fullt. Saman med Stig, Geir Tore, Frank Ivar og Dag danna me gruppa Midnight Movers. Barneskulen nærma seg slutten, og eg var klar for å ta det neste steget. Ungdomskulen. Rykta gjekk høglytt om at der fekk ein juling, vart døypt i snøen eller audmjuka på andre vis. Eg, og andre med meg, var fulle av respekt då me møtte opp til første dag på ungdommskulen. Men me skjønte fort at det rykte ungdomsskulen hadde, var langt i frå fortent. Ingen vart døypte i snøen, eller audmjuka på andre vis. Tida på ungdomskulen gjekk fort, men andre ting var i gjære...

 

Puberteten

Eg visste at den kom. Men at den skulle ha ein slik voldsom effekt, det var eg verkeleg ikkje klar over. Hormona reiv og sleit i kroppen. Kroppen gjekk i gjennom radikale endringar. Eg vart plutseleg klar over at jenter ikkje var noko ein drog i håret, og kasta snøball etter. Nei, no vart ting sette i eit anna lys! Etter slike enorme endringar, følte eg at det var på tide med ei bekreftelse. Konfirmasjonen stod no for tur. Familie og vener frå land og strand vart samla i Leikanger Kyrkje, og pluseleg var det over. Sjeldan kan eg vel visa til ei like god dagsløn, som eg hadde den dagen. Kva pengane skulle nyttast til?

 

Mopeden Freddie

Då eg var 15 år, syns eg det var på tide å skaffa meg ein moped. Lysta hadde våre der lenge, og etter konfirmasjonen mangla det ikkje på likvidar. Eg tok kontakt med ein av mine 4 onklar, som alltid har vore interessert i slike ting. Ein søndag stod han i døra, og inviterte meg med på køyre-tur. Me enda på ein gard på Leikanger. Og der fekk eg sjå han for fyrste gong. Der stod han og glima i all si prakt. Der stifta eg bekjentskap med min beste kamerat. Mopeden Freddie! Ein Suzuki AC, 50 frå 1976. Lyseblå tank, svart sal og oransje halv-hjelm følgde med. Han kosta meg 1000,- kroner. Saman hadde me mange fine stunder, eg og Freddie. Han var einaste mopeden som kunne gå bakover, den gjekk dårlegare med trimsett, og på sine siste levedagar vart den nærmast total-renovert, men svart tank, rosa sidedeksel og flunka nytt saltrekk. Eg døypte han etter vokalisten i Queen, Freddie Mercury. Andre hadde mopedar frå seint på 80-talet, eller til og med frå byrjinga av 90-talet. Men eg hadde moped som var 2 år eldre enn meg. Seinare vart Freddie bytta ut med andre mopedar, men det var noko spesielt med Freddie. Me var følesesmessig på bølgjelengde. I ein augneblunk av dumskap, presterte eg det kunststykkjet å selja min beste ven. Ein gjer jo ikkje slikt. Det vart slutten for Freddie. Det siste eg høyrde om han var at han hadde fått "ku-flekk"-tank, og saueskinns-sal... Freddie var død. Rest in peace...

 

Vidare

Ungdomsskulen var omsider eit tilbakelagt stadium. No byrja alvoret. Kva slags yrke skulle ein no velje. Eg visste ikkje, ja eg veit vel enno ikkje. Difor valde eg gymnaset. Og naturleg nok havna eg i Sogndal. Og det gjekk greitt på skulen. Men så vitja eg kafeen på K-Senteret. Og der vart eg eigentleg  sitjande saman med eit lite utval av mine klassekameratar. Me trivdes så altfor godt der nede, eg, Glenn Kenneth, Stig, Steinar og Ketil. Det var sjølvsagt ingen god ide. Fråværs-breva strøymde inn til fortvilte foreldre. Men ein angrar aldri før det allerede er for seint. Og sanneleg fekk eg meg ikkje dame og. Men det gjekk ikkje med ho. Det gjekk ikkje med neste helle. Og så skar det seg med ho etter det. Jaja, prøving og feiling, alltid ein eller fleire erfaringar rikare. Seinare på året vart eg kjend med Asbjørn Johan, som den dag i dag er ein av mine aller beste vener.

 

Lappen

Glenn Kenneth hadde allerede lappen og bil. Store delar av dagane gjekk med baki ein raud Golf, men fengjande disko-rytmar som strøymde ut av den 12" store suben. No var det snart min tur. Snart skulle eg slutta meg til dei andre vaksne, og bli ein myndig mann. Og lappen. Ikkje minst lappen. Men... Eg trong 2 forsøk på teorien, og 2 forsøk på den praktiske delen, før eg stod der med flunkande nytt sertifikat. No låg verda open. Russetida gjekk føre seg ganske så roleg. Gymnaset var straks eit tilbakelagt kapittel. . . På hausten skulle eg i kongens klede, noko som ikkje freista noko særleg. Men, det gjekk akkurat slik eg ville det skulle gå. Etter eit kort opphald (23 timar) på Madla i Stavanger, vart eg etter eige val, dimmitert.

 

Bil 1

Få månader etter at eg fekk lappen, såg eg meg endeleg råd til å investera i bil. Til slutt havna eg på ein Nissan Sunny, 1.5 GL, 1985 modell. Den kosta meg 8000,- og no var alt slik det skulle vera. Eg byrja å jobbe på Lerum Fabrikker avd. Leikanger; eg merka jo fort at bensin, det var ikkje gratis. Planen var å ta meg eit kvileår frå skulen, men det gjekk jo ikkje slik. Eg jobba i 3 år i strekk, og hadde gitt opp alle planar om meir skulegang.

 

Bil 2

Sidan eg fortsette å jobba, istadenfor å sitja på skulebenken, strøymde kronene på. Og sidan eg hadde komme skeivt ut med Sunnyen min, som bestemde seg for kun å gå når den ville, tok eg avgjersla om å kjøpe meg ein annan bil. Etter mykje att og fram, blandt anna ein bomtur til Gjøvik, falt valet på ein Golf. Den har sidan då våre min faste fylgjes-ven. Sjølv om den slett ikkje ser ut i det heile tatt, har den i det minste frakta meg dit eg ville. I dag har bilen tydelege spor etter fleire års bruk, men gjer framleis nytten.

 

DEL 2 kjem nok med tida... Følg med...

 

Tilbake til Om Kenfred >>>

 

 

 

 
    | kenfred@kenfred.com | nettstadkart