VEVLOGG

 

I februar 2007 tok eg i bruk ein ny vevlogg. Den finn du på vevlogg.kenfred.com eller ved å nytta denne lenka.

Såleis vil det ikkje komma fleire innlegg i den gamle vevloggen, men dei som vil kosa seg med den gamle, kan likevel gjera det. Enjoy!

 

I denne spalta vil eg halda dei som måtte vera interesserte i det, oppdatert på kva eg held på med og kanskje kvifor. Kanskje eg likesågodt fleskar til med mine innerste tankar, kjensler og slikt, men og element av raseri og vrede. Denne spalta opnar altso for det meste. Det er alltid festleg med tilbakemeldingar, anten via el-post, gjestebok eller kanskje ein frekk diskusjon i forumet...?

 

30.07.2006

Sommar og ferietid. På tide med eit nytt kapittel i vevloggen. Mykje har skjedd sidan siste innlegg. SlimFred-prosjektet haltar seg vidare, og førebels må eg vel berre sei at eg ikkje er nøgd, korkje med eigen innsats, eller det resultatet eg har oppnådd so langt. Men eg har sjølvsagt ikkje gitt opp.

Me held framleis hus på Nornestoppen. Trass i ein iherdig innsats, har ikkje Rune klart å ferdigstilla nye-huset, slik at flyttedatoen no har endra seg til ut i oktober. Det gjer eigentleg ikkje so mykje for vår del, som trass alt har ein strålande stad å bu. Men me skal jo sjølvsagt ikkje leggja skjul på at me gleda oss til me kan flytta ut:)

Monica er endeleg ferdig med skulegangen. Etter 18 år som elev/student er ho no blitt vaskeekte sosionom, eller med bachelor i sosialt arbeid, som det visstnok heiter. Ho var ganske heldig, so kunne gå rett i frå skulen og inn i 100% stilling på Lerkehaugen i Balestrand. Førebels er det snakk om eit vikariat på eit knapt år, men det vert uansett ei bra erfaring å ta med seg. Ho jobbar turnus, og det innber litt kvelds og helgavakter, men det er slikt som høyrer med. I tillegg vert det litt pendling, med avstanden vert jo litt kortare når me flyttar utover. Vonaleg kan ho av og til pendla med Inger som jobbar i samme kommune.

18. juli vart faren min heile 50 år. Eit slikt jubileum måtte jo sjølvsagt feriast, og difor vart det skipa til ein storveges hagefest på Leikanger. Av slekt og vener kunne me nesten rekna 30 frammøtte. Høgdepunktet var nok når jubilanten fekk eit flunkande nytt slagverk i gåve av mor. Bilete frå festen kan sjåast her. Av andre bursdagar sidan sist kan nemnast at Glenn vart 29 år den 23.06, Heidi vart 31 år den 4. august, og eg som fylte 28 år den 29.06 :) Takk til alle som hugsa meg.

Eg har i skrivande stund akkurat teke fatt på 2. ferieveke. So langt har dagane gått med til grilling, intense dart-kampar med svigerfar (akkurat no han leda 36-30 i kampar), litt øl og generell råtaskap. I utgangspunktet var planen å ha 3 veker ferie i strekk, men sidan Monica ikkje har ferie før siste veka i  august, kan det henda eg tek to veker ferie, før eg jobbar i ei veke, og so tek siste veka saman med Monica frå den 21. august. Det vert ikkje nokon ferietur denne sommaren, avdi alle resurssane er overflytta i "hus-fondet". Vonaleg tek me ein tur til Trøndelag og vitjar farmor, noko me har lova i fleire år. Ellers har eg skaffa billettar til Norge-Brasil på Ullevål 16. august, men sidan eg, mest sannsynleg skal jobba då, ser det ikkje ut som det blir noko tur. Det er eigentleg ikkje like interessant lenger sidan Ronaldinho, Ronaldo, Kako osv. ikkje kjem til Ullevål. Men som ein sann fotballelskar er det jo eigentleg ei skam at eg enno ikkje har vore på landslagsarenaen vår.

Apropos fotball... Denne helga var det seriestart i England, i alle fall i den nest øverste divisjonen. Og sidan Leeds framleis er å finna i denne divisjonen, er det jo høgaktuelt:) Serieåpninga gjekk greitt, med ein 1-0 siger over Norwich. Vonaleg rykkjer me opp i "rette" divisjonen etter endt sesong. No får eg endeleg høve til å følgja laget mitt tett, sidan Viasat har lova å senda alle Leeds-kampane denne sesongen. Vonar at eg no endeleg skal få "valuta" for bindingsavtalen eg inngjekk for straks to år sidan. Då lova dei også å senda ei mengd med Leeds-kampar. Det viste seg jo straks at dei ikkje heldt det løftet, og eg kan berre hugsa å ha sett 3 seriekampar på dei to åra. Uansett, den nye Leeds-drakta eg alt bestilt frå webshopen til Leeds United, saman med heile 3 (!) Leeds-ballar. Sistnevnte kan vonaleg bidra til å sikra framgangen i SlimFred-prosjektet. So fingers crossed. Ellers rota jo Sogndal på i første divisjon, med særs variable resultat. Men dei ligg ikkje langt bak opprykksplassane, so alt er mogeleg.

Men no må eg gå attende til ferien min:) Avslutningsvis vil eg ynskja alle vitjarar og lesarar ein fortsatt strålande sommar.

Mvh Kenfred

 

24.04.2006

Prosjekt SlimFred 2006 er endeleg i gang. Etter litt fobredelsar (påske og ferie) vart heile stasen sparka i gang i dag. Ikkje for det, det er ikkje første gong unge Kenfred går i gang med slikt prosjekt. Men, nytt denne gongen er at alle vitjarar av nettstaden min, får høve til å følgja den rivande utviklinga i prosjektet. På SlimFred-sidene vert vekt og livvidde fortløpande oppdatert. I tillegg vert det oppretta ein ny bolk i diskusjonsforumet, som eine og aleine er tiltenkt SlimFred-prosjektet. Forumet skal vera min "ventil" der eg skal posta mine erfaringar og "rop om hjelp", samstundes som vitjarar kan (og bør) komma med oppmuntrande ord.   

 

Påsken gjekk føre seg i fred og fordragelegheit. Sidan godveret glimra med sitt fravær, var det heller ikkje so forferdeleg mykje å springa rundt ute etter. Men, me fekk i det minste teke ein liten tur på "Strondi", der me kava oss fram på Tungestølen. I tillegg til Monica og eg, var Rogers og med. Han imponerte stort, både med tanke på skidugleik og ikkje minst på motivasjonsbiten. Heile seansen vart avslutta med pølsefest og Munkholm hos svigers. Heilt grei påske, tykkjer eg. Påsken var tett følgt av ei knakande fin ferieveke. Her fekk eg lada opp batteria, og forberedt meg til SlimFred prosjektet.

 

Sidan sist innlegg i vevloggen har me rukke 2 (!) personalfestar. Ei helg samlast heile gjengen (Mobildata Førde, Mobildata Sogndal og Expert Valaker Førde) på Hotell Alexandra i Loen. Ei særs hyggjeleg helg, der gode kollegar samlast, i meir elle uformelle omgivnader. Eg må få sei at eg tykkjer eg har knakande fine kollegar. Sidan det var høve til å ha med følgje, var sjølvagt Monica ved mi side. Denne helga møttes alle frå Mobildata Sogndal igjen hos Residens Bergseth i Kvernavegen 12. Etter å ha kosa oss med pizza, vart det knallhard tevling i ishockey (det gode, gamle, klassiske spelet med stenger), før det igjen enda i typiske festaktivterar som Singstar og Buzz. Sjølv hadde eg vel ein mindre velykka kveld, etter mitt aller første møte med drikken akevitt. Men, du verden kor festleg det var når det stod på:) Takk til pappa som figurerte som sjåfør, tur/retur.

 

Ellers er mars og april månader som er fylte med bursdagar. Lat meg difor gratulera farmor med 80-årsdagen, Monica med 26-årsdagen, bestemor med 68-årsdagen, mamma med 48-årsdagen, Danita Therese med 21 årsdagen og sist med ikkje minst Lillian med 56-årsdagen. I tillegg tykkjer eg det er høveleg å gratulera svigers med bryllupsdagen, 12. april.

 

Ellers går det mykje i fotball, pc/web, tipping om dagen, akkurat slik som før, akkurat slik det skal vera. Med berre 2 rundar att i England, kan me konstantera at Leeds står midt i opprykkstriden, og laget skal ut i kvalifiseringskampar. Dette betyr at Leeds altso kan spela i Premier League att. Hm... Fingers krossed! Med serieavslutinga i England, nærmar det seg også sesongslutt i Gisseligaen. Følg med den spanande utviklinga:) Sesongslutt i England betyr sesongstart i Norge. Og eg registrerar at Sogndal har opna sesongen noko famlande. Ikkje bra, sidan me på Mobildata har satsa tungt på laget hos Unibet. Vonar det snur, snøggare enn snøgt.

 

Ellers har me da strålande bra, her på Nornestoppen. Me ser med spaning fram mot å flytta inn i huset vårt. Noko som ser ut til å bli rundt august...

 

Våren er ei strålande tid. Ynskjer alle vener og kjente ein strålande vår.

 

Mvh Kenfred

 

10.02.2006

Då har me teke fått på ein heilt nytt år, og plutseleg skriv me 2006. Og fjoråret slutta med eit pang. Vetle-julaftan prøvde eg å flytta fjell, ja i alle fall delar av eit fjell. Mann og bil versus fjell... Det gjekk som det måtte gå. Kasko, bonustap og 50 dagar utan bil. Det har ikkje vore spøk, men ein kom seg gjennom det og. Takk til alle som velviljug har stilt opp som sjåførar og/eller lånt vekk bilen sin til meg. I tillegg rauk LCD'en på laptopen min, so den måtte eg klara meg utan den i ein heil månad. Og ikkje nok med det (jamfør Valen sin Flo-imitasjon) rauk skjermkortet på min stasjonære pc. Mange vil sikkert tru at dette har ført til at eg har løfta SlimFred 2006 til nye høgder, men til dei må eg berre beklaga. Sjøl om det framleis er framgang, går det ikkje so fort som ein skulle håpa. I løpet av januar har det blitt 2 kg. mindre Kenfred å vera glad i. Heldigvis er det mange att;) Men, eg kjempar vidare... Har rota med tanken og å fleska til (nok eit artigt ordspel) med eit vektdiagram på nettsidene, men førebels er det lagt på is. Følg med!

 

Kenfred.com har fått ei flunkande ny spalte. "Aktuelt" er namnet på den flunkande nye spalta du kan finna på framsida på kenfred.com. Dette er rett og slett ei samling aktuelle ting, som på ein eller annan måte omfattar meg her i livet. Her vil du finna lenkjer til alt muleg eg set pris på, som eg vil anbefala til andre. Nesten som ein refleksjon av Kenfred akkurat no. Elles skal eg freista å få stabla ein eller annan form for biletegalleri på føtene. Eg veit at eg ligg etter med dette, so eg skal freista å få til noko slikt.

 

Ellers er det lite nytt sidan sist. Men sidan siste innlegg har me rukke enno ein personalfest hos sjef Bergseth. Og nok ein gong enda det sjølvsagt med øl og karaoke. Gud betre. Men, denne gongen vart showet kuppa av Elias, yngste blad Bergseth. Hans versjon av "Båbb båbb, derideri båbb båbb suuu" sette resten av forsamlinga i skuggen. Fantastisk.

 

Som før går dagane med til pc/web, fotball, tipping osv... Nokon som er overraska? :)

 

Mvh Kenfred

 

04.12.2005

Adventstid... Juletid... Jula handlar mykje om førebuingar og tradisjonar. Eg e glad for å ha fått ein oppvekst der jula står sentralt, slik at eg kan gleda meg til å skli inn i julemodus. Samvær med familie og vener, maten (noko som kan bli eit heftig hinder for framdrifta i SlimFred '05 prosjektet) og stemninga er viktig for meg. Me står no altso framfor vår siste jul i leiligheita på her på Nornesfeltet. Julafta skal nok tilbringast på samme måte som før...

 

Lat meg fortelja deg om "Kenfred's jul". Dagen startar tidleg, og det første eg gjer er å stupa opp i julestrømpen. Som oftast har eg vore snill gut, og nissen har gjeve meg løn i form av snop og anna godis. Tenk, kor mange dagar i året kan ein ete snop til frukost. Etter det er det frukost hos svigers, før det ber rett inn på jobb. Etter det ber det heimatt, vonaleg til mandel og graut. Vidare reiser eg utover i 17 tida, der eg har ansvaret for å passa på grytene, medan mor, far og søster går i kyrkja. Kl. 18 er det duka for den årlege matorgien. Pinnekjøtet står sentralt, men sidan familien har representantar frå fleire landsdelar, har me litt forskjellig mat. Besteforeldra kjem som relger aldri presis, og det er like artig kvar gong. Kl. 20 ligg me og gispar etter luft, før me likesågodt set oss ned og et litt til. No er det fråtsing i kaker og julesnadder. Pakkane opnast i 9 tida, og dette er ein prosess som gjerne tek litt tid. I 23 tida kjempar med oss til overflata av havet med innpakkingspapir. 23.15 proklamerar bestemor at "Ja, no e jula over". Deretter senkar julefreden seg. Rundt midnatt set eg meg i bilen, og rullar inn på Nornestoppen, der eg held fram feiringa med nørene. Resten av jula går føre med forskjellege juleselskap med familien. Og so er faktisk jula over...

 

Ellers susar dagane av garde som aldri før. Dagane går med til jobb, fotball, timevis med sørfing og dataaktivitetar. Nyleg var eg og Monica deltakarar på "julebordtrefesten" til Mobildata Sogndal, borte hos sjef Bergseth på Kaupanger. Det er berre å ta av seg hatten og takka vertskapet for ein rasande flott kveld. Sjølv om eg føler at eg betalte dei attende med mine feiande flotte vokal-prestasjonar i fleire timar. *kremt* Konklusjon, kombinasjonen masse øl og karaoke er ikkje bra. Eit lite tips; dersom du ein kveld skulle snubla over ein sløra kenfred, ber eg om at du ikkje viftar med ein mikrofon framfor andletet hans. Og ikkje nok med det, større delar av kvelden er vissnok dokumentert i form av levande bilete. Hjelp. Uansett, ein tvers igjennom festleg kveld, frå ende til annan. Eg gleda meg allerede til neste juletrebordfest. Dersom eg får stabla eit biletegalleri på føtene, skal de i alle fall få sjå dei flotte bileta me tok den kvelden.

 

I tillegg tillet eg meg å minna om at eg kvar søndag legg ut 3 nye lenkjer på kenfred.com. Desse er å finna på framsida. Dette er meint som eit feiande flott tilbud til brukarar av nettstaden min. Eg freistar å presentera lenkjer til nettstader som er aktuelle, spanande, artige og interessante eller håplaust unyttige. Eg prøver i tillegg å "gå ut breitt" slik at alle brukarane skulle finna noko av interesse. Etter at veka er over, vert lenkjene flytta til "lenkjearkivet", som vil bli ei rasandes stor samling av framifrå lenkjer...I tillegg kan eg skilta med tenester som sms-oppdatering, diskusjonsforum, gratis e-post konto mm.


Eg har ein del web-prosjekt på gang. M.a oppdateringar av tortalle.com, firstfloorparfymeri.com, kenfred.com og oddrogers.tk. Og ikkje nok med det står det tre flunkande nye prosjekt for tur. Utan å røpa for mykje kan eg sei at den eine omfattar hundar, medan ei anna omfattar ei datahjelp-teneste og til slutt ei som omfattar eit feiande flott band frå Luster. Ja, no tenkjer eg du er spent.

 

Av og til får eg ei ganske merkeleg kjensle eigentleg, for plutseleg kjem eg på at me har kjøpt oss hus. Sidan me framleis er busette på Nornestoppen, er det lett å gløyma at me ligg tungt inne i eigedomsmarknaden på Leikanger :)

 

God Jul og Godt Nyttår, alle saman.

 

Mvh Kenfred

 

02.11.2005

So har det endeleg skjedd. Me har investert i fast bustad. For få timar sidan vart kontrakten underskreven, slik at no kan me endeleg kalla oss sjølve for huseigarar! Jippi. Førebels vert me framleis buande på "Nornestoppen" i nokre månader, fordi bustaden me har kjøpt ikkje er ledig før i juni 2006. Men, det er altso pr. dags dato me som eig bustaden. Dei som vil komma på vitjing (m.a for å ta ein pils på den feiande flott "pilsnerverandaen", må nok venta til juni).

 

Kommande mandag og tirsdag vert eg å finna bak disken i ein fresh og nyoppussa Mobildata-butikk i Førde. Ja du las heilt rett. Dette er ein lekk i ny nye "utvekslings-plan" i bedrifta vår. Dette går i korte trekk ut på at selgjarane byter butikk. Dette skal visstnok vera ei nyttig erfaring, som skal gjera oss til betre selgjarar. So pass på neste gong du vitjar meg i butikken. Kom gjerne innom i Førde, dersom du er på dei kantar.

 

Ellers e da ikkje so mykje nytt å melda om. Skulle da henda nåke, vil du alltid kunne lesa om det i denne spalta. So følg med!

 

Mvh Kenfred

 

02.10.2005

Følte trang til å skriva nokre ord igjen, på tampen av denne late helga, som eigentleg er som helgar flest ;)

 

Til dei som ikkje er klar over det, kan eg berre opplysa om at me ligg i dialog om å overta ein bustad på Leikanger. Sjølvsagt er dette noko som opptek oss ein heil del om dagen. Det skal opprettast kontakt med fleire i ein slik prosess. Leikanger Kommune og Fokus Bank, med min gode ven og (vonaleg framtidige) finasielle rådgjevar Kay Roger i spissen, er døme på slike. Me reknar med å få ei avklaring i saka i løpet av den kommande veka. Følg med på nettsidene, og ta deg gjerne i bruk av den flunkande nye SMS-tenesta på kenfred.com. På den måten er du garantert å vera blant dei første som får vita den rivande utviklinga i saka :)

 

Ellers går dagane med til Gisseligaen, nettsurf, ukristelege mengder med fotball, noko eg trivast strålande godt med.I tillegg jobbar eg flittig på Mobildata Sogndal. Og på toppen av dette, finn eg og tid til å "prøvekøyra" den siste investeringa/gadget'en, Pioneer DEH-P70BT. Ein feiande flott og festleg bilstereo med innebygd handsfree-funksjonalitet i form av saumlaus blåtann-teknologi. Du verden.

 

Forresten, eit imot eit godt tips frå ein matglad ung herremann. Den nye Big One HomeMade Style kan anbefalast på det varmaste. Pizzavalg numero uno for Kenfred for tida, noko som inneber at Grandiosa Pepperoni er henvist til den keisame andreplassen... Bravissimo!

 

På gjensyn, vyrde vitjarar.

 

12.09.2005

Så er altso Kenfred's nye nettsider på plass.

 

Sidan det uansett er den store valdagen i dag, valde eg (du verden, kjekt ordspel) altso å publisera dei nye nettsidene. Sjølv om ikkje alt er på plass enno, tykkjer eg det var høveleg å gjera det slik. Resten kjem etter kvart.

 

Og til deg som no sikkert tenkjer: "ja kenfred er no seg sjølv lik, sitje å montere nettstader dagen lang, og rett og slett gi beng i val, framtida og kongeriket...!" Men neidå, der tek du nok feil. Eg har førehandsrøysta. Eg har hatt røysterett i heile 9 år utan å nytta den, so no tenkte eg at nok er forsyne meg nok. Eg har forsvinnande lite greie på politikk, men noko skal ein jo røysta på, og i mitt tilfelle landa eg på FRP. Løfter om eit land utan Mullah Krekar, meir bruk av oljepengar, at dei eldre skal få det betra, vart nok utslagsgivande. Og brått hadde eg gjort mi plikt, og mi aller første røyst var i boks. Kjempestas...

 

Lei sjukdom har herja med meg i over ei veke, og tappa kreftene mine. Og ikkje nok med det, men i tillegg skal ein slita med leie biverknader av ein aldri så liten OD med Fishermans Friend. Slikt er nok til å ta motet frå dei fleste. Men, eg er på bedringens veg, og reknar med å vera tilbake på jobb innan kort tid. Vonaleg vil eg likevel få tid til overs, slik at eg får montert siste delen av dei nye nettsidene.

 

Time vill sjåvv ;)

 

 

 

 
    | kenfred@kenfred.com | nettstadkart