Framsida

Aktuelt

Siste nytt

Diverse

[Om meg]

Lenker

Bilete

Forum

Gjestebok

Kontakt

Min CV Mi historie [Mi vevdagbok] Mine interesser Monica Jobbsøkjar    

 

Mi vevdagbok

 

Her finn du mi elektroniske dagbok. Her kan du lesa om kva eg driv meg akkurat no, kva eg tenkjer på, kva eg opplever og

korleis eg får dagane til å gå. Som du sikkert forstår, kan du finna litt av kvart i denne spalta...

Siste nytt finn du alltid øverst.

 

20.11.2003

Stadig sjeldanare innlegg i denne bolken. Det er ein bevisst handling frå underteikna, avdi eg vil freista å heva kvaliteten på innhaldet. I framtida vert denne spalta oppdatert med ein månadleg frekvens. I beste kvalitet framfor kvantitet and.

 

Sidan sist har me hatt enno ein pokerkveld, og denne gongen vart det faktisk eg som gjekk sigrande ut. Samstundes må eg sei at overskotet vart særs beskjedent, men så lenge ein går i overskot, lyt ein sei seg nøgd. Men manglar framleis ein mann, så dersom du er interessert, lyt du ta kontakt. Om du ikkje vert rik av det, kan me lova at du skal få det retteleg så kjekt, og at du får slått i heil ei mengd med timar.

 

Dei faste lesarane av nettstaden vil nok hugse at eg hadde store planar om å starte opp eit enkeltmannsføretak. Desse planane er no lagde på is, i alle fall inntil vidare. Men, eg tek stadig på meg oppdrag, så dersom du treng nokon til å skapa ei vevside for deg, kan du ta kontakt med meg. Som referanse kan du bruka dei sidene eg til no har laga: www.kenfred.com , www.firstfloorparfymeri.com og www.tts.as/sogndaltaxi

 

Den siste månaden kom Dream Theater ut med ny plate, nemleg Train Of Thought. Og som om ikkje det var nok, kom siste versjon av PC-spelet Worms ut på marknaden. Det var me andre ord mykje å sjå fram tid, for min del denne månaden. Gledeleg var det då og registrera at begge utgivelsane synte seg å vera verdt å venta på. Dream Theater har gitt ut nok ei fantastisk plate, og etter at eg får høyrt litt meir på plata, kan du lesa ein anmeldelse i forumet. Billettane til konserten er innkjøpt, og ligg trygt og godt til oppbevaring her i heimen. Worms 3 synte seg å vera like rasandes festleg som eg håpa på, sjølv om eg i byrjinga vart noko skuffa over styringa i spelet, og ikkje var godt nok nøgd med overgangen til 3D. Etter å ha vent meg til det nye formatet og "gameplayen" kan eg berre konstantera at eg dette er eit spel som vil gi meg og mine "rivalar" mykje morro. Einaste bakdelen eg kan sjå hittil, er at eg har ein lei tendens til å tapa alle spela eg deltek i... Øving gjer meister, berre vent ;)

 

Fotballmessigt går det framleis like dårleg. Leeds er i djup, djup krise, og har nok ein gong sparka manangeren. Denne sesongen vert utelukka ein kamp for å overleva i Premier League, og for å overleva økonomisk sett. Norge tapte 0-3 for Spania på eige gras, og deltek difor ikkje i EM-sluttspelet i Portugal. Heilt greitt, epoken med Semb er no over, det er på tide at andre overtek og ser fram mot VM-kvallik neste haust. Det som må til no er ny trenar, fullstendig nullstilling og eit byrja arbeidet med å bryggja opp ein ny generasjon landslagsfotball. Pr. i dag ser eg helst at Eggen tek over landslaget, noko eg og tru han med tida vil gjera. Det er jo tydeleg at han har lyst. Måtte den dårlege trenden snart snu.  

 

Ellers går det mykje i tipping for tida. Sjølv om det vert lite med premiar, er det i alle fall noko som opptek meg mykje, og eit festleg og spanande lite avbrekk i kvardagen. Eg har og i den siste tida snubla over mange andre som har det på same måte som eg sjølv, så praten går ofte om dette og fotball. I tillegg er eg med i NM i tipping på Norsk Tipping sine nettsider, og ligg i skrivande stund på 2777. plass, etter 3 av 5 rundar. Eg oppfordrar herved alle til å bli med i tevlinga, som er gratis. Sjølv om det snart er over for denne gong, hadde det vore morro om me hadde blitt ein liten gjeng til neste gong. Les meir på www.norsk-tipping.no

 

Slik går rett og slett dagane. På snarleg gjensyn, vyrde lesarar...

 


22.10.2003

Dagane går sin vante gang. Ikkje mykje nytt å melda om, men sidan det no er over ein månad sidan siste oppdatering, er det sanneleg på tide med ein ny uansett.

 

Forrige helg samlast eg, Walsvik og Moms til ein ekte pokerkveld. Som kjent er poker spelet for ekte mannfolk, og det er vel ikkje å overdriva å sei at det var akkurat det me var, der me sat rundt bordet og spelte. Til eit slikt pokerlag, høyrer det sjølvsagt med alkohol, og alle mann stilte med pils. Den store vinnaren denne kvelden, akkurat slik som forrige gang, vart Moms. Han kunne runda av kvelden med 460 kroner i pluss, medan eg og Walsvik måtte konstantera eit sviande tap. Men uansett, det var ein rasandes festleg kveld, som ikkje enda før langt ut i dei seine nattetimar, slik seg hør og bør i ein vaskekte pokerkveld. Me var alle samde om å freista å ha slike kveldar litt oftare. Neste gong må me og få tak i ein ekstra mann, for sidan Sørensen har gjort austlending av seg, var me berre 3 stk, noko som synte seg å vera for lite. Interessert? Nøl ikkje med å ta kontakt...

 

Tradisjonen tru opprettheld eg den lange rekkja med datakresj. No er PCen endeleg oppe og går att, etter nok eit kresj. Sjølv om eg kanskje lyt ta delar av skulda sjølv denne gongen. Vart kanskje litt i overkant ivrig når eg hadde bestemt meg for å fjerna eit virus. Vel vel, den som intet vågar, intet vinn. No har eg sletta partisjonar og formatert hardiskane, og freista få alt attende slik dei ein gong var. Dette synte seg å bli ei vaksen oppgåve, og akkurat no køyrer eg på Windows 98, som for so vidt er heilt greitt, sjølv om det vert eit gigantisk steg 5 år attende i tid. For Windows XP som eg hadde frå før, vil rett og slett ikkje la seg installera på maskina. Dersom nokon med datakunnskap for vidarekommne vil ta turen innom, vert eg evig takksam.

 

Ellers er det arbeid, fotball og ganske daglegdagse syslar som opptek meg. Fotball-messig har ikkje den siste månaden vore ein opptur, akkurat. Båe favorittlaga slit i motgang, og aller verst er det med Leeds som slit på nederste halvleik av Preimer League. Fordelen med den situasjonen dei har hanmna i, er at det i framtida kun kan gå oppover. Sogndal ser ut til å funne attende til vinnaroppskrifta etter ein siger over Lillestrøm. Lat oss vona det er slutten på den dårlege perioden dei har vore inne i, og at dei klarar å snu trenden. Berre vent, det skal nok bli bra. Arbeidsmessig er alt som før, og når eg er på arbeid, har eg ofte anledning til å tenka ein heil del. Ikkje alltid like konstruktive tankar, men likevel. Og denne gongen har tankane resultert i noko positivt. Førebels vil eg halda korta tett til brystet, men følg med på nettstaden i vekene framover, så vil du få vita meir. Eg skal berre sei ein liten ting. "CO-94"! Der fekk du noko å tenkja på ja. Hehe.

 

Kong Vinter pustar oss i nakken. På med vinterdekka og finn fram topphua og snøskuffa.

Hoff, eg hata vinter! 

 


17.09.2003

Lenge sidan sist oppdatering, men grunnen er såre enkel. Eg har rett og slett ikkje så mykje å skriva om. Livet går sin vante gang. Det er grenser for kor mange linjer ein får ut av aktivitetar som soving, jobbing og eting. Likevel har det skjedd litt.

 

Laurdags kvelden feira me Bård sin 25 års dag. Eg og Walsvik tor turen opp til jubilanten, for å markera aldri så lite. Gaven, eit ekte "politisett" med sugekopp-pistol og handjern med tilbehøyr, vart umiddelbart ein suksess. Me var berre 3 stk. men du verden kor artig me hadde det. Eg tok med kameraet mitt og tok opp både film og bilete. Noko av det kan bli lagt ut ved ein seinare anledning, dersom dei involverte partar tillet det.

 

Ellers går eg spanade tider i møte, både på musikk fronten og på dataspel fronten. For å ta musikken først. Dei som kjenner meg, veit at det er Dream Theater som gjeld for meg. No har det seg slik at denne gruppa kjem med nytt album. "Train Of Thoughts" er tittelen på den plata, som skal sleppast i midten av oktober. I tillegg kjem karane på nok eit Noregsbesøk. Den 21. januar 2004 held dei konsert i Oslo Spectrum. Underteikna stiller sjølvsagt, saman med Mathisen. Eg vil oppfordra alle andre som likar prog-rock eller som har lyst til å sjå verdens beste live-band, til å møta opp. Ta gjerne kontakt med meg, slik at me evt. kan møtast før eller etter konserten.

 

Eg må og få nemna at Worms 3D er like om hjørnet. Her snakkar med om siste utgåva av den populære Worms serien frå team17. Eg gledar meg vilt og hemningslaust til å få dette spelet. Intet anna spel har gjeve meg meir glede og moro enn nettopp Worms serien. Mathisen og eg har alvorleg mange timar framfor skjermen, der me kjempar ein voldsom kamp, med dei animerte ormane. Noko fritids problem får nok korkje eg eller Mathisen når spelet er i heimen og installert på maskina. Eg utfordra herved alle som vil prøve, til å ta turen innom meg, for å ta ein kamp.

 

Ellers vann eg 2000 kroner på Oddsen i går kveld, noko som absolutt gav meirsmak. Eg aktar å gjera det same i kveld. Hehe.

Hausten er kommen, ha da fint!

 


21.08.2003

Referat frå Harry-turen, 1 års vikariat på Lerum og sesongopning i Premier League.

 

Litt ferie er betre enn ingen ferie. Det er den positive måten og sei det på. Alt i alt har eg hatt 7 feriedagar denne sommaren. Sjølvsagt ikkje nok, men ein lyt ta det ein får. Forrige helg var me som kjent til Sverige. Me starta turen grytidleg, og allerede kl. 0500 var me ombord på ferja på Mannheller. Kvart par i kvar sin bil, fresa me over fjellet, og plutseleg var me i Oslo. Like plutseleg var me seinare i vårt blå-gule naboland. Dagane vart brukt til shopping, minigolf (Inger som var nybyrjar, imponerte med ein siger og ein sølvplass. Eigne prestasjonar vil eg ikkje snakka så høgt om...), eting (revben e sjef), snoping(da e sjef da og), badminton, køyring osv... Sjølv om veret ikkje var så bra første dagen, hadde me strålande sol resten av opphaldet. Søndag måtte me reisa heim, grunna skule og jobb, sjølv om me alle gjerne skulle vore nokre dagar til. Kvart år me har vore på tur til Sverige har me snakka om å reisa innom Tusenfryd på turen heimatt. Denne gongen gjorde me alvor av pratet, og etter 2 knappe timar, sto me i den enorme parken. Damene hadde ikkje vitja parken før, og me gjekk straks laus på bodar og likande. Ikkje lenge etter hadde me konkurrert oss til fleire bamsar. Underteikna skal ikkje leggja skjul på at han likar seg aller best med begge plattføtene godt planta på moder jord. Difor freista ikkje karusellar eller berg og dal baner noko nevneverdig. Men, Inger og Glenn klatra ombord i sjølvaste Roller Coaster. Det var visst voldsomt morro påstod dei etter på. Eg tek dei på ordet... Men, den enorme parken var altfor stor til at me kunne hasta igjennom den på dei 3 timane me hadde til rådigheit. Så neste gong, lyt me setja av ein heil dag til festlegheiter og morro i parken. Eg vil nytta høvet til å takka Inger og Glenn og sjølvsagt Monica for ein kjempefin tur, og vonar me kan gjenta den til neste år, tradisjonen tru. Bileteserie vert lagt ut snart... 

 

Så er det endeleg avklart. Eg har skreve under på 1 års vikariat på Lerum Fabrikker. Det betyr altså at eg nok ein gong vert å finna på juiceavdelinga på Kaupanger. Skal bli godt for ein skulelei mann og endeleg få nokre pengar mellom fingrane att. Samstundes held eg alle moglegheiter opne for andre karrieremessige mogelgheiter, dersom slike mogelegheiter skulle by seg.

 

Premier League vart sparka igang forrige helg, og mens me stod i bilkø i Oslo, spela Leeds United sin opningskamp mot Newcastle. Og for å vera heilt ærleg, så hadde eg ikkje store forhåpningar om poeng i den kampen. I det siste har det nemleg vore mykje uro rundt klubben. Fleire spelarar har blitt selde, og klubben har alvorlege økonomiske problem, og dei vann ikkje ein einaste pre-esason kamp (ikkje ein gong mot 2. og 3. divisjons klubbar). Gledeleg var det difor at dei presterte 2-2 i opningskampen, og at dei faktisk burde ha vunne kampen, dersom ikkje Shearer hadde scora eit helding mål i det 87. minutt. All pessimismen vart plutseleg snudd til optimisme. Nye folk har komme til, og endeleg har Leeds ein negroid spiss på topp igjen, noko eg har etterlyst i lang tid. Eg gledar meg vilt og heminingslaust  til den føreståande sesongen. Dette kan berre gå ein veg. Marching on together... Go Whites!!! 

 

Sommaren nærmar seg slutten, folkens. Nyt dei siste dagane som best de kan...

 


07.08.2003

Enkeltmannsføretak, SFP  og Harrytur.

 

Lenge sidan sist oppdatering. Lite gunstig skiftordningar og andre gjeremål og plikter, lyt ta mykje av skulda for det. For det er nemleg ting på gang. I skrivande stund er det 95% sikkert at kenfred vert eit eige firma, eller rettare sagt eit enkeltmannsføretak. Sidan eg gjennom TTS har fått i oppdrag å utvikla vevsider for taxisentralane i nærmiljøet, har eg og leikt med tanken å starta eige føretak. Det ligg sjølvsagt i korta att det vert ei lita verksemd, med kun meg sjølv som tilsett, men likefullt eit firma. Hovudgesjeften vert å utvikla vevsider for folk som ynskjer å profilera verksemda si på veven. Meir info om prosjektet kjem seinare. Men, kva skal eg kalla føretaket? Du kan leggja inn ditt forslag i ein eigen tråd i diskusjonsforumet.

 

Og sidan me snakkar om firma og føretak, vil eg gratulera kompis Bård med flunkande nytt føretak. Sogn og Fjordane Pumpeservice er etablert i Askedalen. Føretaket tek seg, som du sikkert allereie har skjønt, av reparasjon og vedlikehald av pumper. kenfred.com stiller seg i rekkja av gratulantar, og ynskjer  lykke til med det nyetablerte føretaket. Eg veit i alle fall kven som skal få ta seg av pumpene mine, dersom dei stoggar.

 

Då er det bestemt at me også i år, tek turen over grensa og vitjar våre blå og gule naboar. Det er nesten som ein tradisjon å rekna, at Monica og eg tek turen saman med Glenn og Inger. Avreisedatoen er sett til torsdag 14. august, men ellers er ikkje mykje planlagt. Me tek det på sparket, slik som me har gjort kvar gong. Det har ikkje blitt mykje ferie og reising denne sommaren, så det skal sanneleg bli godt med eit avbrekk.

 

Ellers er det fint lite som skjer. På grunn av ein stadig aukande trong til pengar, samt mangel på alternativ, har eg levert inn søknad om jobb på Lerum Fabrikker. Eg debuterte som ferievikar på Lerum Fabrikker som 13 åring, og har sidan då jobba der som ferieavløysar, vikar, avløysar, både på kontrakt-festa arbeid og som fast tilsett. Etter at sommar-vikariatet vert avikla den 18. august,  er det altso mogleg at eg hamnar i verksemda igjen. Men ingenting er avgjort enno. Vær trygg, met det same det skjer ei utvikling i saka, kan du lesa om det i denne spalta.

 

Fortsatt god sommar, alle saman. Sjølv om det nærmar seg slutten, sakte men sikkert...

 


24.07.2003

Tur til Ikjefjord og Badminton-turnering

 

Det vert ikkje noko særleg med feire og reiser på Monica og meg i år. Difor passa det godt at me tok ein tur til Ikjefjord og vitja ho Brynhild, bestemora til Monica. Me reiste ut tidleg laurdags morgon, og kom fram i 1230 tida. "Svigers" tjuvstarta og reiste ut dagen før. Eg hadde aldri vore på dei trakter før, og kunne frå før av berre skilta med nokre turar til Vadheim. Været var fint og turen var praktfull, der me svinga oss mellom fjord og fjell. Det vart eit særs triveleg opphald i Ikjefjord. Me gjekk turar, åt, spela kort, sola oss, åt, hadde ein storstilt bergingsaskjon av ein fugl i ei takrenne, åt litt til og slappa av. Kjekt å sjå traktene som "svigermor" kom frå, høyra historiar frå plassen, og slappa av. Ikjefjord er ein idyllisk plass der stillheita herskar. Perfekt for ferie og avslapping. Søndag ettermiddag takka me fint for oss, og fresa heimatt fulle av inntrykk. Takk til Brynhild og "svigers" som tok seg godt av oss under opphaldet. Bilete frå turen er lagt ut her. Seinare i sommar vil me freista å få til ein tur til Trøndelag og, slik at me får besøkt framora mi og, noko me har lova i lang tid. Men turen er tross alt 60 mil lang ein veg, og ein slik tur treng meir planleggjing og feire fridagar. Men, me skal nok få det til.

 

Ellers har den eine friveka eg og Monica hadde saman gått særs stille for seg, slik det skal i ein ferie. Me har likevel vore forbausande aktive, med både tennis og badminton som framtredande aktivitetar. Etter å ha investert litt på InterSport, kunne me montera eit nett i hagen, måla opp ei bane, og konkurrera heftig i badminton. Skikkeleg slitsomt, god trening og rasandes festleg. Me har hatt mange duellar og kampar. Mellom anna har John og Anne Bente stilt opp, det same har Super-Søs og Gøran gjort. Ser fram til festlege duellar i framtida og. Høyrest ikkje dette morosamt ut? Ta kontakt då, og bli med oss ein kveld...

 

Men, mandag byrja alvoret att. Då var det inga bønn, og det var berre å stilla opp til nok ei festleg veke med ettermiddagskift på Lerum Fabrikker på Kaupanger. Vel, det er berre å byrja å gleda seg til 20. august, då lønna kjem. I utgangspunktet jobbar eg til 15. august, etter det veit eg ikkje kva som skjer. Ein ting er sikkert, uansett kva som skjer, kan du lesa om det i denne spalta, så berre følg med.

 

Fortsatt god sommar, alle som ein!


13.07.2003

Ferietid og ei heftig investering

 

Endeleg er det ferie. Dvs. kalla det ferie vert vel eigentleg feil, ei lita veke fri, høver vel betre. Uansett, det skal bli eit etterlengta avbrekk i kvardagen. Til og med værgudane er på mi side, og Sogn syner seg frå si aller beste side, med strålande sol frå skyfri himmel. Det vert ikkje noko ferietur på Monica og meg, ikkje med det første i alle fall. Dersom alt klaffar slik me har tenkt, kan me reisa nokre dagar til Sverige saman med gode vener, i slutten av august. Samstundes held me alle moglegheiter opne, dersom me skulle bestemma oss for å reisa ein plass.

 

Kontantane eg fekk til bursdagen min er no investerete i eit digitalkamera. Valet fall på Canon Ixus 400, eit aldeles flott kamera, som eg er særs nøgd med. No skal eg freista å få lagt ut nokre fleire bilete på denne vevstaden.

 

Ellers var me på slektstreff forrige helg. Då hadde me og været med oss. Strålande sol og blide folk, gjorde slektstreffet til ei kjempeoppleving, også for underteikna. Bilde frå arrangementet vert lagt ut seinare.

 

Den kommande veka skal det kun slappast av.

 

Håpar sola skin der de er, og at de får ein fantastisk sommar! 


30.06.2003

Bursdagsfest og slektstreff.

 

Den 29.06 feria eg min 25-års dag. Grunna sjukdom var fleire familemedlemmar forhindra for å komma, men me klarte likevel å skipa eit lite selskap i leiligheiten på Nornes. Eg fekk fleire gåver, og blant desse gåvene fann ein m.a sykkelkomputer (reknar ut hastigheit, kor langt ein har sykla, klokke osv...), ein mobiletelefon, ei flaske akevitt og ei mengd med kontantar. Pengane skal eg sporenstreks investera i eit digitalt kamera, noko eg har ynskja meg i lengre tid. kenfred.com har altfor lite bilete, noko eg vonar å betra litt etter denne investeringa. I tillegg fekk eg fleire helsingar og telefonar. Takk til alle som hugsa på meg på dagen.

 

Ellers går livet sin vante gang, og det er ikkje mykje nytt å melda. Neste helg skal me delta på slektstreff på Veitastrond. Det er venta over 100 deltakarar. Nokre kjenner eg litt frå før, men det vert jo høve til å treffa nokon eg ikkje har møtt før, samt bli  betre kjent med dei eg kjenner litt frå før. Slektstreffet varar frå laurdag til søndag.

 

Denne helga kan oppsummerast slik; grillfest i Grindstrondi, bursdagfest, avslapping, fotball og tipping. Ei stille og roleg helg med andre ord. Like greitt, når ein står framfor ei ettermiddagsveke på Lerum. Då treng ein jaggu krefter og psykisk god helse ;)

 

Ha ein fortsatt god sommar alle saman.


16.06.2003

Skulefri, jobbsøknad, "heime-aleine" og utvikling av vevstaden.

Siste eksamen er endeleg gjennomført. Dette betyr og at eg no er ferdig med kurset på Høgskulen i Sogn og Fjordane. Det betyr og ferie og fri. I ei og ei halv veke kan eg nyta fridomen, før eg startar som ferievikar på Lerum. Likevel manglar eg to eksamenar, og dei aktar eg å ta oppatt neste år.

 

I tillegg vil eg freista å få meg ein jobb, anten på deltid eller på heiltid. Eg er med andre ord jobbsøkar. Difor held eg alle mogelegheiter opne til hausten. Veit du om nokre som treng ein flittig maur, gjer vel og ta kontakt med meg. I utgangspunktet er alt av interesse, men eg vil sjølvsagt freista å få meg noko som er relevant til utdanninga mi.

 

Siste helga har eg "vore aleine heime", sidan både Monica og Svigers var bortreiste, på kvar sin kant. "Heime aleine"- kjensla er heilt unik, og noko eg minnast godt i frå tidlegare år, då foreldra reiste vekk, og overlet huset til fri disposisjon til unge lovende junior. Eg har hatt vitjing av kameratar, og nytta tida til avslapping og rekreasjon. All denne plutselege fritida, resulterte blant anna i at eg lasta ned MySQL, og frekventerte webcafe.dk sine vevsider hyppig. Planen er difor å oppretta ein database, og skapa ein meir fancy vevstad. Mellom anna vil eg freista å betra diskusjonsforumet og gjesteboka, som i dag ikkje fungerar tilfredstillande.  Uansett vil ingenting skje før eg opprettar kontakt med vevguru og mentor Terje, som for tida er særs oppteken med skulearbeid, og som eg ikkje vil uroa med slike bagatellar. Men eg har andre planar for vevstaden og, så følg med.

 

Ha ein retteleg god sommar, alle som ein.  


06.06.2003

"Helvetesveka",  "Slaget i Parken" og sommarjobb

Lenge sidan sist oppdatering. Siste veka har eg vore oppteken med ein gruppeeksamen. Slike eksamenar varar i ei veke, og arbeidsmengda er som oftast stor. Difor har det blitt lange dagar, frå tidleg morgon til seine kvelden. Ekstra godt var det difor å endeleg kunne levere oppgåva i dag, etter ei spurtøkt som vara i 24 timar i strekk. No står det kun ein eksamen att før sommarferien. Kommande onsdag er siste eksamen, heldigvis. Sidan klassen ikkje lenger skal gå saman, vil me markera dette med ein avslutinigsfest i Jakt og Fiske hytta laurdag 7. juni.

Som kjent er det andre ting som føregår på laurdag 7. juni. Norge møter Danmark i årets landslagskamp i fotball. Eg har på ingen måte tenkt å gå glipp av dette. Artig er det og at ein SIL-spelar er med, og eg har god von om at Fetter-Flo spelar, i alle fall som innbyttar. Hadde vore rasandes festleg med siger til Norge, kanskje med Fetter-Flo som matchvinnar. Mitt tips er i alle fall at Norge vinn 2-0.

Tradisjonen tru skal eg også i år ha sommarjobb på Lerum. Det har eg hatt sidan eg var 12 år, og tradisjonar skal ein som kjent ta godt vare på. Sjølv om eg ikkje akkurat ser fram til ettermiddagsskifta, må eg berre innrømma at eg gledar meg til saldoen nok ein gong gliser mot meg med grøne tal. Dei raude tala er eg byrja å bli litt lei av ;)  

Sommaren er herved ærklært for opna. Jippi...


21.05.2003

Prosjektoppgåva innlevert.

I januar fekk me utlevert ei prosjektoppgåve. Denne skulle leverast 21. mai. "Men det var jo lenge til, det.." Etter ein enorm innsats, spesielt dei siste to vekene, vart oppgåva levert klokka 14.02 i dag, 21 mai. Få sekundar etterpå small sjampis-korken i taket på klasserommet vårt. Dei som var der, kunne skåla i sprudlevatn, og feira at prosjektoppgåva var eit tilbakelagt kapittel. Takk til "gruppekollegar" Bugjerde og Førde, for eit festleg påfunn med sjampisen. Men no starta samstundes førebuing til eksamen. Hektiske dagar i møte, med andre ord. 


18.05.2003

Kamp på Lerkendal, nasjonaldag og hardtarbeidande student.

Slaget stod på Lerkendal denne helga. Og det byrja verkeleg bra. Sogndal storspelte i 1. omgang, og var overlegne. Kristian Ystaas sette ballen i mål, og sikra underteikna ein utbetaling på 234,- blanke norske kroner, avdi eg hadde tippa han som første målscorar. Som alle veit snudde RBK kampen seinare, og vann 3-1. Dessverre. Men SIL sette ein støkk i barte-trønderane, og me lyt vera stolte over innsatsen. Framleis har me 2. plassen i Tippeligaen.

 

Nasjonaldagen baud på nydeleg ver, og flott temperatur. Dagen byrja fint, med 17. mai frukost oppa av "svigers". Ein god frukost, er som kjent ein god start. Men seinare tapte det seg ein heil del. Eg måtte nemleg tilbringa dagen i eit klamt klasserom på skulen på Foss. Dei siste 5 månadene har me hatt ei kandidatoppgåve gåande, og den skal leverast onsdag 21. mai. Oppgåva er ei gruppeoppgåve, og handlar i grove trekk om ting som nettverk, brukarar og slikt. Ja, eg veit det høyrest ufatteleg spanande ut... Fordi me ligg litt dårleg an, måtte altså nasjonaldagen og større delar av helga tilbringast framfor ein dataskjerm. Ikkje akkurat ein ynskje-situasjon, men for ein hardtarbeidande student, høyrer slikt med. Neste helg er aldri langt unna...


12.05.2003

Millionærspel, Sesongavslutning i PL  og "Slaget om Vest".

Denne helga var me ein gjeng som spelte Vil du bli millionær, og i sann tv2 stil vart det ein "par konkurranse" (I tillegg stakk Heidi innom seinare på kvelden, og deltok i spelet utan partner). Vinnarane vart Inger og Glenn med ein pen sum pålydande 130.000 kroner. kenfred.com gratulerar.

 

Denne helga markerte og sesongavslutinga i Premier League (2 månader utan engelsk fotball, er det muleg?), og Leeds United har berga plassen. Sesongen må seiast å vera mislukka for Leeds United sin del, men berre vent... Neste sesong...

 

Vidare vann Sogndal "slaget om Vestlandet" på Fosshaugane, då dei prylde Brann 2-0. Det var ein kamp med høg stemning, og masse morro. Saftkokaradn gav alt, og vann kampen på tribuna og. Stakkars kriseråka Brann ligg no i botnen av tabellen. I andre enden av tabellen finn me Sogndal, som susar vidare på medgangsbølgja. Fredag 16 mai. er det toppoppgjer(!) mellom Sogndal og Rosenborg på Lerkendal. Kampen vert sendt på Canal+ ZAP direkte klokka 18.00.Lukke til, og heia SIL! 


05.05.2003

Ei snøgg oppsummering av helga.

Leeds United prylde sjølvaste Arsenal på Highbury, og tok såleis eit stort steg vidare i prosessen med å berga plassen i Premier League. Jippi! Diverre vart det denne sigeren som alt no avgjorde Premier League i ekle Manure United sin favør, men dei hadde nok vunne uansett.

 

Vidare beit eg godt i frå meg i "Geni-turneringa" mellom Asbjørn, Gisle, Monica og meg sjølv. Etter 3 spel, hadde eg to sigrar, og ein 2. plass ;)

 

Søndag vart eg introdusert for eit nytt konsept. Ei blanding av pizza og taco. Takk til Inger og Glenn som tok turen, og serverte oss slik spanande mat. Det smakte fortreffeleg, og kan absolutt anbefalast. Dersom noko vil ha oppskrifta, ta kontakt.

 

Sogndal leda 3-0 på Ullevål og det stod berre att 18 minutt. At dei då presterar å tapa 2 poeng, er heilt uforståeleg og særs skuffande. I tillegg kunne bortesigeren i den kampen sikra underteikna og fruen ein pen sum likvidar, men slik ville det seg altso ikkje. Men Sogndal har opna eventyrleg, og det er rasandes festleg å følgja laget. Sogndal har fotballfeber.

 

I dag møtte eg opp på Shell-stasjonen i Sogndal for å kjøpa billettar til Brann-kampen kommande helg. Klokka 07.01 stod køen frå disken inne i butikken, og heilt ut til pumpene. Etter ein halvtime fekk eg til slutt rive til meg nokre billettar, og ser med stor glede fram mot kampen til helga! 


02.05.2003

Lansering av ny nettstad.

Dei nye nettsidene vart i dag lagt ut. Sjølv om alt ikkje er ferdig, valgte eg likevel å publisere sidene. Resten kjem med tida, når det er klart. Følg med. Takk til Terje for all mogelg hjelp og motivasjon i prosessen med å skapa desse sidene. Eit ekte forbilde for ein hobby-vevskapar som meg sjølv. Sjå sida hans her, ei sjefside ;)

Sjå og Mi vevdagbok 2004


Copyright © Kenneth Fredriksen - 2004