[Om meg] |
Min CV | Mi historie | [Mi vevdagbok] | Mine interesser | Monica | Jobbsøkjar |
Mi vevdagbok 2004
Her finn du mi elektroniske dagbok. Her kan du lesa om kva eg driv meg akkurat no, kva eg tenkjer på, kva eg opplever og
korleis eg får dagane til å gå. Som du sikkert forstår, kan du finna litt av kvart i denne spalta...
Siste nytt finn du alltid øverst.
16.05.2004
No var det sanneleg på tide med ny oppdatering. Den 17. april hadde Monica og eg 5 års jubileum. Denne hendinga vart feira på Dr. Hagen med ein stille og roleg middag, der me reflekterte over dei 5 åra me har hatt saman. Det har sjølvsagt vore både oppturar og nedturar, nett slik det skal vera. Eg er særs takksam for å ha fått 5 år saman med Monica, og gleda meg vilt til forsetjinga.
2. mai var det duka for konfirmasjon i Bergen. Yngste blad Hollenberg skulle konfirmerast, og denne hendinga gjekk føre seg som konfirmasjonar flest. I kyrkja vart det "stormande jubel" og gospelstemning, noko som var ei ganske ny oppleving for ein sogning. Etter at formalitetane i kyrkja var ferdige, gjekk ferda til Akvariet, der me vart servert god mat i eit lokale der me hadde god oversikt over uteområdet. Fekk ei lita VIP-kjensle der, det må eg innrømma. Vidare gjekk ferda til Morvik i Åsane, der me proppa oss fulle av kaker og kaffi.
Ellers er det samme gamle. Leikanger Auto sine nettsider er endeleg komplette, og ligg ute på nettet. Mitt hittil største prosjekt er dermed komplett. Men eg kvilar slett ikkje på lauvbæra, og susar vidare. Odd Rogers er neste oppdrag, og sidene er nesten ferdige. Fleire oppdrag står for tur. Du kan lesa meir om dei etterkvart.
Eg har og gjort ei ny feit investering. Denne gongen i bilstereo. Eg har i langt tid hatt lyst på ein spelar som takla både Mp3 og WMA, og no har eg altso skaffa meg ein slik. Dette betyr altso at eg kan brenna opptil 120 spor på ein cd, og deretter spela denne plata i bilen. I tillegg kjem både namnet og annan informasjon opp på diplayet. Dette passar ganske godt til ein "gadet-freak" som meg sjølv, og eg er særs nøgd med investeringa. Du kan lesa meir om spelaren her.
På fotball-fronten er det ikkje so festleg for tida. Mitt kjære Leeds har rykka ned i 1. divisjon, noko som betyr nye økonomiske utfordringar, spelarflukt og likande. Det er ikkje morro, men det er berre å håpa på ein snarleg retur til toppdivisjonen. Pr. i dag er me managerlause og ikkje gode nok til å hevda oss i 1. divisjon, så det ser ikkje lyst ut. Vonar og trur at Gordon Strachan, tidlegare Leedsspelar, tek over som managar, og at me får påfyll av unge spelesugne talent, som er villige til å ofra alt for klubben. Marching on together. Sogndal har opna sesongen på eit særs skuffande vis, men eg har trua på at det no skal snu, etter at me knuste storebror Brann heime på Fosshaugane. Stao no pao! Dessutan er Gisseligaen 2004 avslutta. Sjekk ut korleis det gjekk.
Slik går altso dagane til unge Kenfred. Våren står for tur, og me har varme dagar i møte.
Kenfred
|
05.04.2004
Hei igjen. I forrige innlegg skreiv eg at eg hadde bytta bil. No har eg teke det heile eit steg vidare... Eg har nemleg kvitta meg med min "avføringsbrune" følgjesvenn gjennom dei siste 6 åra. No kan me altso gratulera den (stolte?) eigar Hans Harald Ylvisåker med ei storveges bruktbil-investering. Sidan eg no har valgt å skilja lag med Golfen, vil eg leggja ut ein bileteserie for å markera hendinga, og for å heidra bilen som tross alt har frakta meg fram og tilbake på smale Vestlandsvegar meir eller mindre smertefritt gjennom fleire år. Takk for alt, gamle ven. Bileteserien kan sjåast her.
Sidan eg kvitta meg med bilen, fekk eg plutseleg litt (og då meinar eg litt!) pengar til overs. Dette betydde og at eg kunne investera i noko som eg har tenkt på i lengre tid. I nettbutikken komplett.no fann eg ein bærbar mp3 spelar som matcha det eg var ute etter og plutseleg hadde eg fått ein ny ven. Creative Rhomba var det festlege namnet på nyvinninga, og i tillegg til å vera ein bærbar mp3 spelar, kan den og skilta med funksjonar som radio, opptak frå radio og diktafon. Med 256 MB (tilsvarar faktisk 177 diskettar) kan den og nyttast som flyttbart lagringsmedia. Festleg. Eg ser føre meg at eg vil få særs god bruk for denne nye venen, både med tanke på dei mange nettside-prosjekta eg har på gang, og i mitt nye "PROSJEKT SLIMFRED 2004". Musikk til arbeidet er som kjent særs motiverande, og saman skal me nok fresa bortetter riksveg 55 i ein knallhard kamp mot kiloane, berre vent og sjå. Du kan lesa meir om Creative Rhomba 256 MB her.
Som sagt er det mange nettside-prosjekt på gang. I tillegg til nyss lanserte www.leikangerauto.no, har eg nokre oppdrag hjå TTS, samt nokre oppdrag for privatpersonar. Meir info om desse prosjekta kjem straks eg veit noko meir. Eg vil framleis oppfordra folk til å ta kontakt dersom dei treng hjelp til å skapa ein nettstad. Sjølv om eg har mykje på tapetet akkurat no, er eg alltid på utkikk etter nye oppdrag.
Tippeligaen 2004 står for tur, ei hending som underteikna ser fram mot med glede og vill begeistring. Media fløymer over av stoff om laga og alle skiltar med gissetevlingar. Sjølv deltek eg i mange av desse tevlingane, og eg vil oppfordra alle til å slengja seg på, anten dei er fotballinteresserte eller ikkje. Nokre tips er: www.tabellkonkurransen.com (gratis), VG (20 kr.) og den store Tabellkonkurransen 2004 (100 kr.). Lat oss saman tevla folkens, og ære og kroner. Eg kan og med det same nemna kenfred.com si Gisseligaen 2004 som no utviklar seg til å bli særs spanande (for alle untatt underteikna som ligg soleklart sist) med heile 3 stk. på delt 1. plass. Ser fram til å følgja Sogndal i Tippeligaen denne sesongen. Eg har trua på at dei kan gjera det betre enn i fjor.
Då er det langt verre med det heilkvite laget frå England. Sjølv dei no har blitt kjøpt opp av ei gruppe lokale forretningsmenn, og såleis kvitta seg med rekordgjelda på nærmare 1 milliard, slit dei i botnen av Premier League og kjempar ein hard kamp for å unngå nedrykk. Eg har akkurat bivåna ein skjebnekamp av dimensjonar mot Leicester som ligg på plassen over. Leeds var 100 % avhengig av å vinna, og leda 2-0 når det stid att 70 minutt. Dette snudde seg på utilgiveleg vis til 2-2, før Leeds kapra sigeren med ei sein scoring. Dei kan framleis klara å berga plassen, men det krev masse innsats, Det er lov å håpa. Marching on together.
Til slutt må eg få gratulera gojentao mi Monica me 24-års dagen 25 mars, min kjære mamma Ingrid med 46 års dagen 6. april og "SuperSøs", Danita Therese, med 19års dagen 22. april. Gratulerar alle saman.
På gjenhøyr, vyrde lesarar.
Mvh Kenfred
|
28.02.2004
Ein æra er slutt. So har eg altso gjort det eg har trua med i fleire år, nemleg bytta bil. Og denne gongen ville eg investera i ein god bil, med lav km.stand, noko som betydde ei vitjing innom banken først. Når det var i boks, kunne jakta starte. I utgangspunktet ville eg ha ein Primera, så jakta vart konsentrert rundt det. Fleire bilblad vart innkjøpt, internettsider vart saumfart og alle mogelege framgangsmåtar vart nytta. Men, det var først når eg kontakta onkel Geir, som er bilseljar av yrke, det vart noko særleg framgang i saka. For då snubla me nemleg over ein Primera i Fredrikstad, og sjølv om den var noko dyrare enn eg hadde tenkt, bestemte me oss likevel for å gå for den bilen. Telefonar vart utveksla, prisar vart diskutert og det meste vart ordna. Og like etter var avtalen i boks, betydeleg billegare enn utgangspunktet, takka vera ein onkel med særs gode pruteeigenskapar. Onsdag 18. februar sette eit stk. onkel og eit stk. pappa seg på nattbussen for å reisa til Fredrikstad og henta bilen attende til meg. Grunna arbeidsforholda mine, kunne eg ikkje bli med sjølv.
Bilen svara absolutt til forventningane, og plutseleg hadde eg fått ein ny ven. Tusen takk til onkel for hjelp i forbinding med kjøpet av bilen, og ikkje minst for hjelpa med å frakta bilen heim. Takk og til foreldra mine for hjelp og stønad heile vegen, og spesielt pappa som og var med på turen til Fredrikstad for å henta bilen. Sjå bilete og info om bilen her.
Ellers er det ikkje mykje anna. Dagane let seg enkelt fylla, frå ende til annan. I tillegg til jobben på Lerum, driv eg på og lagar fleire nettstader på oppdrag frå forskjellege folk. Lenker til dei prosjekta vert lagt ut så snøgt dei er ferdige, følg med! Dessutan har eg, som nok ein lekk i planen om å komme litt i form, kjøpt meg flunkane nye turski. Det kan nemnast at eg ikkje har stått på slikt noko på 10 år, og den gongen enda med eit fantastisk tryn og knekt skitupp. Så dersom de ferdast i fjellet og ser ein stram kar fykande forbi som ei kule, er det nok berre meg.
På snarleg gjenhøyr, folkens. Mvh Kenfred |
01.02.2004
"An evening with Dream Theater", slik eg såg det. Onsdag 21. januar var det klart for nok ein Dream Theater konsert. For min del var dette den fjerde konserten med Dream Theater, og også denne gongen skulle kvelden avviklast i Oslo Spektrum. Onsdag føremiddag starta me reisa, og susa over fjellet som skil aust frå vest. Sidan me somla ein del, kom me ikkje fram før i 18 tida, og etter innsjekk på hotellet og ein snøgg matbit labba me i veg mot Noreg's storstove. Det var ganske kaldt, og det passa difor godt at det ikkje var noko kø. Showet bar namnet "An evening with Dream Theater". Skuffande at apparatet rundt bandet ikkje hadde kalkulert med at kjøpeglade nordmenn dukka opp. Mykje var utselt, men heldigvis fekk eg tak i ei t-skjorte. Ei oppfordring må likevel rettast til managementet rundt bandet, for mange tusla slukøyra frå salsboden, utan Dream Theater effektar. Det var ikkje annonsert noko oppvarmingsband på forhånd. Difor vart me ganske overraska over å sjå at det plutseleg stod eit band på scena når me berre var halvvegs ned i trappa komne. Og sanneleg var det ikkje Dream Theater som stod der. På billetten stod det at dørene opna halv 8 og bandet starta på slaget halv 8. Dette burde vore annonsert på førehand. Ingen ventar vel at bandet skulle starta så snøgt. La dette vera ein lærepeng, folkens, i fall dette er ein ny trend for dagens artistar. No var i alle fall showet i gang, og me stod halvveges framme i salen, litt til høgre for scena.
Showet var dritbra, lyden var særs dårleg. Forferdeleg dårleg, faktisk. Musikken til Dream Theater er prega av masse detaljar, og difor vert det litt feil når nokre element fell heilt ut. Likevel høyrte eg mange sei at dei var godt nøgde med lyden, og då mistenkjer eg dei for å meina at "med tanke på at det er i Spectrum, må lyden seiast å vera bra." Me fekk full oversikt over kva som føregjekk på scena, sidan det var montert opp heile 3 skjermar på scena, ein stor i midten, og to litt mindre på kvar side. På desse skjermane vart det, i tillegg til artistane, vist mengder med animasjonar og videosnuttar som supplerte musikken. Stilig. Bandet opna med dei 2 første spora frå den siste plata, før dei fortsette med litt eldre materiale. Etter ein og ein halv time tok dei faktisk eit kvarters pause. Det hadde eg aldri høyrt om før, men sidan det skulle visa seg at dei spelte i nesten 3 og ein halv time, kunne eg ikkje noko anna enn forstå det.
Sjølvsagt var det ei fantastisk oppleving. Men, i alle ærlegheit, vil eg påstå at bandet ikkje var så flinke til å "kommunisera" med publikum. Eg tykkjer at LaBrie kunne ha henvendt seg litt meir til publikum, og kanskje snakka litt mellom låtane. Dette skjedde kun ved eit par høve. No skal det vel og seiast at det ikkje er altfor mange pausar mellom låtane. Likvel gav dei alt på scena. Myung stod som vanleg og "gøymde seg bak håret sitt". Han gjer ikkje mykje ut av seg, det er neste som han unnskylder seg for i det heile tatt å vera til. Men, mannen trakterar bassen som få. Kanskje var det nettopp han som drukna mest i det dårlege lydbildet. LaBrie er vel bandets svakaste punkt. Han sang likevel bra, kanskje betre enn eg hadde rekna med, og bomma berre ved eit par høve. Feilen hans er kanskje at han legg lista litt for høgt, og såleis ikkje klarar brasane like godt som i studio. Rudess er gruppas "wonderboy", genierklært allerede som 8-åring. Gjer ein særs bra konsert, der han snurrar rundt med synten sin på scena. Han har forresten mista alt håret sidan sist. Fiffig effekt med kamera plassert på sida av synten, og som peika inn på scena. Pettruci overraska vel ingen med sitt glimrande gitarspel. Mannen gjer ein knall konsert, og har enorme soloar. Mester i improvisering. Såg sliten ut, men leverte varene. Gitaristen kommuniserar godt med publikum, og lyser opp når han mottek applaus. Så til slutt, Mr. Portnoy, trommis og frontfigur. Kjent som den som showar mest. Han gjer og ein bra konsert, men virkar litt tam. Han gjer likevel det han skal, men heller ikkje meir. Hadde venta litt meir show frå han, men han hadde vel sitt å gjere på, for i tillegg til all tromminga, tek han seg av mykje av backing-vokalen. Ein vaskeekte trommesolo hadde heller ikkje vore å forakta, men eg har inntrykk av at det ikkje er like vanleg lenger. Etter konserten fekk me òg vita at Portnoy sleit med eit influensa-virus, så kanskje var det noko av grunnen til at han var noko slapp.
Showet var absolutt verdt pengane. Dei spelte heile siste plata, med unntak av balladen, som heller ikkje er noko live-låt. I tillegg til dette fekk me mange gamle klassikarar, sjølv om me kanskje sakna "Pull Me Under". Trur i alle fall ikkje det var mange av dei 3000 publikummarar som for skuffa heim. Eg var i alle fall godt nøgd når eg forlot lokalet. Men, det er litt synd at Dream Theater "bytta" lokale i frå Rockefeller til Spektrum, men det har vel rett og slett med praktiske årsaker å gjera. Kvifor spela 2 kveldar på Rockefeller, når me kan spela ein kveld i Spektrum, tenkjer dei sikkert. Denne konserten var mykje betre enn den forrige, men likevel ikkje den beste. Øverst tronar framleis "Scenes From A Memory" konserten på Rockefeller. Uansett, denne opplevinga ville eg ikkje vore for utan.
For kenfred.com i Oslo Spektrum Kenneth Fredriksen
Ellers er alt ved det samme gamle. Bilen min syng på siste verset, det er heilt sikkert. Det som er usikkert, er kor lenge det verset varar. Så eg har teke avgjersla om å investera i ein ny. Ingenting er avgjort enno, men uansett kan du lesa det først i denne spalta.
Det går mot lysare tider. Og godt er det. Me tytast. Kenneth |
10.01.2004
Første innlegget i år 2004. Eg vil først få oppsummera den siste månaden med jule og nyttårsfeiring. Tradisjonen tru feira eg julaftan heime hjå familien min. Etter å ha ete eit storveges måltid, opna pakkar, og drukke kaffi, køyrde eg seinare inn på Nornesfeltet der eg slutta meg til familien Nes. Her opna eg fleire pakkar og drakk meir kaffi. Eg fekk som vanleg mykje fint, m.a mykje klede. Og sanneleg, trur du ikkje sjølvaste julenissen kom forbi, med ein pakka til Monica og meg, som inneheldt ein Playstation 2. Hmmm, me må no ha gjort noko rett. Resten av romjula seigla eg sikksakk mellom diverse matbord, og slappa av. Dessutan vart eg liggjande ein heil del på sofaen, pga. ei særs keisam influensa. (Seinare skulle det syna seg at sjukdomen var av den langvarige typen, og den har faktisk enno ikkje slept taket.)
Nyttårsaftan vart og feria på same tradisjonelle måten som før. Presis klokka 18.00 sat eg saman med familen min og Asbjørn rundt bordet og konsumerte ein enno betre middag enn julafta (skulle nesten ikkje tru det gjekk an). I år hadde Inger og Glenn invitert Monica og meg til nyttårsfest i nye huset, noko som me sjølvsagt takka ja til. Saman med Bård, John og Anne Bente seigla me over i det flunkande nye året. Og som vanleg vart det sendt opp nokre rakettar (skulle ikkje ha i år men... hmm... sa eg ikkje det same i fjor.) Festen vart noko amputert for min eigen del, avdi ein tidlegare nevnt influensa, som på nytt tok kontroll over kroppen min. Men, det var ein festleg kveld. Bilete frå både jule -og nyttårsfeiringa er lagt ut i biletegalleriet.
Som nevnt er eg framleis sjuk, og som ein lekk i prosessen med å vert frisk, er eg no sjukemeldt. Som ein konsekvens av dette fekk eg tid og anledning til å "rydda" i nettsidene på kenfred.com. Endringane skal ikkje bety mykje for deg som brukar, og visuelt sett er nettsidene som før. Bortsett frå kalendarfunksjonen eom er sletta, og mindre endringar i biletegalleriet, er det berre filstrukturen som er endra på. Men likevel, sidan nokon av linkane er lagt opp på ny, vil eg likevel be deg om å ta kontakt dersom du finn ein daud eller misvisande link, eller andre feil. Arbeidet med nettsidene var særs naudsynt, og nettsidene framstår no som meir "korrekte" enn før. Og som før, har du tips, ris eller ros, ber eg om at du sender det til meg.
Til slutt kan eg nemna at eg fer til Tigerstaden den 21. januar, for å oppleva "An evening with Dream Theater" som showet heiter. Fyldig rapport frå ferda, kan lesast her og eller i Forumet.
Til slutt vil eg ynskje eit fortsatt godt nyttår, og takke deg for det gamle. Eg er særs takksam for at nettopp du vitjar og brukar nettsidene mine jamnleg. Utan deg kunne eg ikkje presentert ein slik nettstad. i retur for din tillit, kan eg lova deg jamnlege oppdatringar, spanande nyheiter og anna morro i 2004. Velkommen skal du vera.
Helsing Kenneth. |
Les og Mi vevdagbok 2003
Copyright © Kenneth Fredriksen - 2004 |