Framsida

Aktuelt

Siste nytt

Diverse

[Om meg]

Lenker

Bilete

Forum

Gjestebok

Kontakt

Min CV Mi historie Mi vevdagbok Mine interesser Monica [Jobbsøkjar]    

 

Jobbsøkjar

 

Eg er...

... ein kar på 25 år, som for tida er busett på Slinde, midt i mellom Leikanger og Sogndal.

... ein kar som har akkurat avslutta eit 2 årig kurs ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, kalla Informasjonsbehandling.

... ein kar som ikkje er så lysten på å fortsetta med skulegong.

... ein kar som ynskjer andre utfordringar.

 

Eg søkjer...

... i utgangspunktet etter ein jobb som er relevant til utdanninga mi, men eg er og open for andre forslag.

... i første omgang etter heiltidsarbeid, men vil og vurdera deltids-engasjement dersom det skulle liggja til rette for slikt.

... eit meinigsfylt arbeid der eg har mogelegheiter til å utvikla meg og arbeida meg oppover.

 

Mine interesser er...

... fotball, musikk, data og multimedia og bil. I tillegg tykkjer eg det er artig å skriva...

 

Søkjer du ein...

...kar med god arbeidsmoral og innsatsvilje

...kar med godt humør og god samarbeidsvilje

...kar med god evne til å kommunisera og omgås andre menneske

 

Då bør du ta kontakt snarast!

 

Dersom du framleis ikkje er sikker på kven eg er...

...kan du lesa alt om meg her

 

Dersom du veit om nokon som søkjer folk, gjer vel og ta kontakt med meg, eller tips dei om meg.

Du kan gjerne referere til denne nettstaden, der ein finn all naudsynt informasjon om meg.

 

 

 

-Publisert 20.06.2003-


Copyright © Kenneth Fredriksen - 2004